Sparebankane med felles løft
VM i vektløfting er eit historisk arrangement som ikkje berre set Norge på det internasjonale idrettskartet, men og framhevar betydninga av regionalt samarbeid og samfunnsansvar. Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest går saman inn som hovudsamarbeidspartnar for VM 2025, og begge bankane understrekar at dette er ei viktig investering i frivilligheit, fellesskap og verdiskaping i regionen.
– Å kunne støtte eit meisterskap av denne storleik og betydning er noko vi i Sparebanken Sogn og Fjordane er svært stolte av. VM i vektløfting 2025 vil ikkje berre samle verdas beste idrettsutøvarar, men også setje eit viktig fokus på regionen vår og våre felles verdiar, seier Gunn Aase Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Sparebanken Vest deler entusiasmen for samarbeidet kring meisterskapen og betydninga for lokalsamfunnet.
– Vår felles støtte til VM i vektløfting handlar om meir enn berre idrett. Vi er særleg oppteken av initiativa som VM i vektløfting 2025 har for å betre folkehelsa og livskvalitet blant dei unge gjennom skuleprosjektet, seier Jørgen Follevåg Mjelleli, plassjef i Sogn og Fjordane i Sparebanken Vest.