VM i vektløfting 2025
Reise til Førde
Skal du reise til Førde er det mange ulike moglegheiter. Førde ligg sentralt langs E39 mellom Bergen og Ålesund og er lett tilgjengeleg med både bil og buss.
VM i vektløfting 2025
Skal du reise til Førde er det mange ulike moglegheiter. Førde ligg sentralt langs E39 mellom Bergen og Ålesund og er lett tilgjengeleg med både bil og buss.
Førde eigne flyplass med daglege ruter til Bergen og Oslo, i tillegg til nærleik til flyplass i Florø, Sandane og Sogndal.
Ønskjer du å reise med buss er Førde eit knutepunkt både sørover, nordover og austover via Skei.
Reiser du sjøvegen er det dagleg avgang med hurtigbåt frå Bergen til Florø. Frå Florø går det buss til Førde fleire gonger om dagen.
Hald deg oppdatert
VM er eigd av Norges vektløftarforbund, AK Bjørgvin, Førde IL og Tambarskjelvar IL. Meisterskapen vil i stor grad vere basert på dugnad som skal betalast gjennom utdeling av utstyr og økonomisk overskot. I tillegg har organisasjonen ein administrasjon som jobbar med planlegging og marknadsføring av VM 2025.