Personvernerklæring
Personvernerklæringa handlar om korleis denne nettsida samlar inn og brukar informasjon om besøkande. Erklæringa inneheld informasjon du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstaden vår, og generell informasjon om korleis vi behandlar personopplysningar. Juridisk eigar av nettsida er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Det er frivillig for dei som besøker nettsida å gje opp personopplysningar i forbindelse med tenesta som å ta i mot nyheitsbrev og nytte del- og tipstenesta. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.
1. Webanalyse og informasjonskapslar (cookies)
Som ein viktig del av arbeidet med å lage ein brukarvennleg nettstad, ser vi på brukarmønsteret til dei som besøkjer nettstaden. For å analysere informasjonen, brukar vi analyseverktøyet Google Analytics. Google Analytics brukar informasjonskapslar/cookies (små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukarens datamaskin), som registrerer brukarens IP-adresse, og som gjev informasjon om den enkelte brukars bevegelsar på nett. Eksempel på kva statistikken gjev oss svar på er; kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstadar brukaren kjem frå og kva nettlesar som vert nytta. Ingen av informasjonskapslane gjer at vi kan knytte informasjon om din bruk av nettstaden til deg som enkeltperson.
Informasjonen som vert samla inn av Google Analytics, vert lagra på Googles servere i USA. Mottekne opplysningar er underlagt Googles retningsliner for personvern. Ei IP-adresse er definert som ei personopplysning fordi den kan sporast tilbake til ein bestemt maskinvare og dermed til ein enkeltperson. Vi brukar Google Analytics sin sporingskode som anonymiserer IP-adressa før informasjonen vert lagra og bearbeida av Google. Dermed kan ikkje den lagra IP-adressa brukast til å identifisere den enkelte brukaren.
2. Søk
Om nettsida har søkjefunksjon så lagrar informasjon om kva søkjeord brukaren nyttar i Google Analytics. Formålet med lagringa er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Bruksmønsteret for søk lagrast i aggregert form. Det er berre søkjeordet som lagrast, og dei kan ikkje knytast til andre opplysningar om brukaren, slik som til IP-adressene.
3. Del/tips-teneste
Funksjonen «Del med andre» kan brukast til å vidaresende lenkjer til nettstaden på e-post, eller til å dele innhald på sosiale nettsamfunn. Opplysningar om tips loggast ikkje hos oss, men brukast berre der og då til å legge inn tipset hos nettsamfunnet. Vi kan imidlertid ikkje garantere at nettsamfunnet ikkje loggar desse opplysningane. Alle slike tenester bør difor brukast med vit. Dersom du nyttar e-postfunksjonen, brukar vi berre dei oppgjevne e-postadressene til å sende meldinga vidare utan noko form for lagring.
4. Nyheitsbrev
Nettsida kan sende ut nyheitsbrev via e-post dersom du har registrert deg for å ta i mot dette. For at vi skal kunne sende e-post må du registrere ei e- postadresse. Mailmojo er databehandlar for nyheitsbrevet. E-postadressa som vert lagra i ei eiga database, vert ikkje delt med andre og slettast når du seier opp abonnementet. E-postadressa slettast også om vi får tilbakemelding om at den ikkje er aktiv.
5. Påmelding, skjema
Nettsida kan ha skjema for påmelding, kontaktskjema eller andre skjema. Desse skjema er gjort tilgjengeleg for publikum for å utføre dei oppgåvene dei er meint å gjere. Vi ber då om namnet på innsendar og kontaktinformasjon til denne. Personopplysningar vi mottek blir ikkje nytta til andre formål enn å svare på førespurnaden. Årsaka til denne lagringa er for å bekrefte om e-postar blir sendt frå nettsida og vidaresendt til rett mottakar. Når e-posten er mottatt av mottakar så er det opp til mottakar å avgjere Databehandlingsbehovet av e-posten.
6. Side- og tenestefunksjonalitet
Det blir brukt informasjonskapslar i drift og presentasjon av data frå nettstaden. Slike informasjonskapslar kan innehalde informasjon om språkkode for språk valt av brukaren. Det kan vere informasjonskapslar med informasjon som støttar om lastbalansering av systemet slik at alle brukarar blir sikra ei best mogleg oppleving. Ved tenester som krev innlogging eller søk kan det bli brukt informasjonskapslar som sikrar at tenesta presenterer data til rett mottakar.
7. Korleis handtere informasjonskapslar i din nettlesar
På www.nettvett.no kan du lese om korleis du stiller inn nettlaseren for å godta/avvise informasjonskapslar, og få tips til sikrare bruk av internett.