Omsyn til menneske og miljø
Berekraft
VM 2025 har fokus på å lage eit meisterskap som tek omsyn til både menneske og miljø, og bidreg til mangfald og inkludering. Vi ønskjer å ta vår del av ansvaret og ha berekraft i fokus i vårt arbeid med VM.
Omsyn til menneske og miljø
VM 2025 har fokus på å lage eit meisterskap som tek omsyn til både menneske og miljø, og bidreg til mangfald og inkludering. Vi ønskjer å ta vår del av ansvaret og ha berekraft i fokus i vårt arbeid med VM.
VM i vektløfting 2025 har ein unik moglegheit og ei viktig rolle i arbeidet med å skape ein inkluderande arena for alle, både fram mot VM og under sjølve meisterskapen, men og legge grunnlag for tida etter VM.
Vi jobbar for:
FN har 17. berekraftsmål, av desse har vi plukka ut fem som er med og lagar grunnlag for VM i vektløfting 2025 sin strategi. Vektløfting-VM har valt ut desse berekraftsmål, der vi meiner at vi spesielt kan vere med å utgjere ein forskjell.
VM i vektløfting 2025 skal inspirere til auka aktivitet og deling av kunnskap som gjev betre folkehelse og auka livskvalitet.
I Norges vektløftarforbund sin strategi er det fokus på «Ein styrka kropp eit styrka sinn». Gjennom ulike prosjekt fram mot, under og etter VM i 2025, set vi fokus på sosiale og fysiske aktivitetar tilpassa alle målgrupper. Vi deler innsikt og kompetanse for betre folkehelse og livskvalitet
Folkehelse og livskvalitet handlar og om kosthald og ernæring. Vi skal inspirere til sunne vanar med utgangspunkt i Helsedepartementet sine kosthaldsråd, og under meisterskapen skal fokus vere på sunn og god idrettsmat.
Vi skal fremje viktigheita av rein idrett i samarbeid med ADNO. av ren idrett.
Vi har følgjande prosjekt knytt til FN-mål nr. 3:
VM i vektløfting 2025 er eit meisterskap for alle med fokus på å inkludere, mangfald og like moglegheiter.
VM skal vere ein inkluderande arena, både på vegen mot VM og under sjølve meisterskapet. Vi ønsker like moglegheiter for alle. Vi er spesielt glad for at det er kvinnene som utmerkar seg og gjer det spesielt bra innan vektløfting. Under VM i vektløfting er det ingen skilnad på kvinner og menn, det er same vilkår og lik premiering. Vi vil vise heile verda at idretten skal vere lik for alle. Vi skal spesielt løfte fram kvinnene som gode førebilete.
Økonomiske barrierar innan idrett er og ei utfordring. Internasjonal toppidrett er i stor grad forbeholdt rike land. Under VM i vektløfting skal vi legge til rette for mindre ulikheit og har sett av eigne midlar som skal bidra til at også mindre nasjonar og forbund kan ha moglegheit å sende sine utøvarar til VM i vektløfting 2025.
Mangfold og inkludering står sentralt. Vi skal bidra til å utvikle lokalsamfunnet, og tilrettelegge for deling av erfaring og utvikle kompetanse.
Vi har følgjande prosjekt knytt til FN-mål nr. 10:
Ved å ha eit bevisst forhold til gjenbruk, innkjøp og forbruk – og handle med lokale produsentar – vil VM i vektløfting 2025 minimere fotavtrykket.
Vi tar ei rekke konkrete grep for smarte innkjøp og forbruk av utstyr, samt resirkulering og gjenbruk: Vi har berekraftige innkjøpsrutinar som støttar lokale aktørar og de som prioriterer berekraftig forbruk og produksjon. Vi samarbeider med andre om felles utstyr, og ønskjer at utstyr skal ha langsiktig bruk etter avslutta meisterskap. Vi skal bidra til løysningar som reduserer bruk av emballasje og totale avfallsmengder. Gode rutinar kring innkvartering skal reduserer behovet for vask av sengkle og handkle ved og vi skal tilby eit berekraftig matkonsept som reduserer matsvinn og synleggjer lokale mattradisjonar.
Vi har følgjande prosjekt knytt til FN-mål nr. 12:
Ved å oppfordre til ansvarlege val hos oss sjølve, vårt publikum, våre samarbeidspartnerar og leverandørar skal VM i vektløfting 2025 ha eit redusert klimaavtrykk.
VM i vektløfting 2025 tar ei rekke grep for å bidra til å stoppe klimaendringane. Innan transport og mobilitet skal vi utfordre bransjen på berekraftige transportmidlar for utøvar og publikumstransport. Vi vil legg til rette for løysningar som sikrar resirkulering, gjenbruk og riktig handtering av avfall. Vi skal velje energieffektive løysningar og ha tiltak for å halde energiforbruket så lavt som mogleg.
Vi har følgjande prosjekt knytt til FN-mål nr. 13:
VM i vektløfting 2025 skal vere ein samarbeidsarena som byggjer kompetanse og fremjar bevisstheit om berekraftig verdiskaping.
VM i vektløfting 2025 er tildelt Førde og Sunnfjord. I nasjonal og internasjonal målestokk er dette geografisk og i folketal å rekne som ein liten plass. – Overraskande liten til å arrangere ein så stor meisterskap. Samtidig vil vi vise at gjennom godt samarbeid, både lokalt, regionalt og nasjonalt vil vi klare å nå våre mål.
Vi skal løfte i lag med kommune, fylkeskommune og departement. Vi skal skape langsiktige verdiar og ringverknadar saman med næringslivet, og vi skal ikkje minst involvere og inkludere frivillige langt utover vektløftarfamilien.
Vi har følgjande prosjekt knytt til FN-mål nr. 17:
VM er eigd av Norges vektløftarforbund, AK Bjørgvin, Førde IL og Tambarskjelvar IL. Meisterskapen vil i stor grad vere basert på dugnad som skal betalast gjennom utdeling av utstyr og økonomisk overskot. I tillegg har organisasjonen ein administrasjon som jobbar med planlegging og marknadsføring av VM 2025.