VM i vektløfting 2025
Om oss
Etter eit vellukka EM i 2016 er vi no klar for større oppgåver. VM i vektløfting skal arrangerast i Sunnfjord frå 1. til 10. oktober 2025, vi gler oss til å vise fram alt det flotte regionen vår har å by på.
VM i vektløfting 2025
Etter eit vellukka EM i 2016 er vi no klar for større oppgåver. VM i vektløfting skal arrangerast i Sunnfjord frå 1. til 10. oktober 2025, vi gler oss til å vise fram alt det flotte regionen vår har å by på.
VM i vektløfting er eit av dei største internasjonale idrettsarrangementa som har vore i Noreg nokon gong. Frå slutten av september til midten av oktober 2025 er det venta mellom 6-800 utøvarar og til saman fleire tusen akkrediterte til Sunnfjord. Over 100 ulike nasjonar vil vere representert og TV-bilda vil bli vist til fleire hundre millionar over heile verda. Saman skal vi lage dette til tidenes beste VM i vektløfting! Vi ønskjer å lage folkefest i Førde!
For VM 2025 er det viktig å halde fokus på miljø og berekraft. Vi legg difor opp til eit kompakt meisterskap med korte avstandar. Sunnfjord si storstove, Førdehuset, er arena for alle konkurransar, medan Øyrane Arena i nye Førde vidaregåande skule saman med fleire mindre anlegg er tilrettelagt for trening og førebuing.
Dei fleste deltakarar har overnatting i Førde sentrum og vil berre ha nokre minuttar mellom dei ulike fasilitetane. I tillegg er det kort veg til kafear, butikkar og andre opplevingar.
VM 2025 har fokus på å lage eit meisterskap som tek omsyn til både menneske og miljø, og bidreg til mangfald og inkludering. Vi ønskjer å ta vår del av ansvaret og ha berekraft i fokus i vårt arbeid med VM.
VM er eigd av Norges vektløftarforbund, AK Bjørgvin, Førde IL og Tambarskjelvar IL. Meisterskapen vil i stor grad vere basert på dugnad som skal betalast gjennom utdeling av utstyr og økonomisk overskot. I tillegg har organisasjonen ein administrasjon som jobbar med planlegging og marknadsføring av VM 2025.