12. oktober 2024 i Førde
Krafta i oss
Arrangementskonferanse med mål å ta vare på, utvikle og dele arrangementskompetanse som skal motivere til å etablere og søke om framtidige kultur- og idrettsarrangement til vår region. Arrangement og arrangementsturisme tilfører kvart år store verdiar lokalt, regionalt og nasjonalt, og er spådd å bli ei av dei store eksportvarene i framtida.
Som del av VM 2025-prosjektet, ønskjer VM 2025 gjennom «KRAFTA i OSS» å lage ein MØTEPLASS som skal bidra og motivere til at fleire små og store arrangement blir lagt til heile Vestland. Her kan du bli inspirert og ikkje minst treffe erfarne arrangørar, knyte kontakt og få gode tips!
Første konferanse blir arrangert i Førde 12. oktober 2024.