Kong Harald vil besøke VM

H.M. Kongen vil besøke VM i vektløfting i Førde

Vi har gleda av å kunngjere at H.M. Kong Harald har stadfesta at han vil vere gjest ein av dagane under verdsmeisterskapen i vektløfting, som vert arrangert i Førde i Sunnfjord kommune i oktober 2025.

Med 700 deltakarar frå 120 ulike nasjonar, er VM i vektløfting 2025 eit av dei største internasjonale idrettsarrangementa som har vore i Norge etter OL på Lillehammer i 1994. Norsk vektløfting har fått stor merksemd i seinare tid, etter at Solfrid Koanda tok eit historisk norsk gull i vektløfting under OL i Paris.

«Dette blir eit høgdepunkt i meisterskapen, og vi ser fram til å ynskje både Kongen og alle andre besøkande velkomne til Førde i oktober 2025», seier dagleg leiar for VM i vektløfting, Stian Grimseth.

(Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelige hoff)