IWF VM i vektløfting, 2.-11. oktober 2025
Vil du vere med på laget?
Vil du vere med på laget?
Bli med på festen
Vi treng 600 frivillige for å arrangere VM 2025. Dei fleste frivillige vil kome frå arrangørklubbane Førde, Tambarskjelvar og Bjørgvin, men vi treng mange fleire.
Vil du leige ut overnatting?
Med fleire tusen akkrediterte og mange andre tilreisande til VM er overnattingsbehovet stort. For å tilby alle ei god seng å sove i, ønskjer VM å leige overnatting i Førde sentrum.
VM er eigd av Norges vektløftarforbund, AK Bjørgvin, Førde IL og Tambarskjelvar IL. Meisterskapen vil i stor grad vere basert på dugnad som skal betalast gjennom utdeling av utstyr og økonomisk overskot. I tillegg har organisasjonen ein administrasjon som jobbar med planlegging og marknadsføring av VM 2025.
@98solfrid (87 kg, Norge 🇳🇴) løfta 122 kg 🥇 under EM i vektløfting 2025!
Solfrid Koanda vann sin fjerde strake europamestertittel i 87 kg-klassa med 122 kg i rykk, 145 kg i støt og en total på 267 kg. 🤩 Ho konkurrerte i Chișinău, Moldova, og dominerte klassa overlegent. 🥳
Vi gleder oss til å sjå Europas beste vektløfter på VM i vektløfting i Førde i oktober! Vi skal lage folkefest!!! 🤩🤩🤩
📸 @atginsta
@98solfrid er FIRE GANGER EUROPA MESTER 🥇🤩
22’ 23’ 24’ 25’ og 3 x gull også denne gangen! 🥳
Gratulerer så mykje Solfrid, vi gler oss til VM i Førde!!!
📸 @w_weightlifting_media
Europamesterskapet blei gjennomført på ein knallbra måte av @rebekkatao55 ! Ho løfta i 55 kg-klassen på EM i Chişinău, Moldova i går. 🇲🇩
Ho fekk til 79 kg i rykk, og prøvde seg på ein ny pers med 81 kg, men der var det dessverre ein bom. I støt blei det 104 kg. På slutten tenkte ho å prøve seg på norgesrekord i støt med 108 kg, men der blei det bom i vendinga. Samla blei det 183 kg, som ga ho ein 9. plass, medan støtresultatet på 104 kg heldt til ein 6. plass.
Men sjå der! Resultatet er over kravet til VM i Førde, så no kan Rebekka fokusere på å trene mot mesterskapet i Førde til oktober! 🇳🇴
📸Bilete frå Konrad Hoegg
EM senior 2025 er i gang, og Norge stiller med 6 sterke og håpefulle løftere!🇳🇴🏋️♀️
🇳🇴Mandag 14.04, kl. 16:00 (15:00 norsk tid) - Rebekka Tao Jacobsen og Sol Anette Waaler, 55A @rebekkatao55 @solanette
🇳🇴Onsdag 16.04, kl. 13:00 (12:00 norsk tid) - Marit Årdalsbakke, 64B @maritardalsbakke
🇳🇴Torsdag 17.04, kl. 13:00 (12:00 norsk tid) - Julia Jordanger Loen, 71B @julialifting
🇳🇴Søndag 20.04, kl. 20:00 (19:00 norsk tid) - Solfrid Koanda, 87A @98solfrid
🇳🇴Mandag 21.04, kl. 16:00 (15:00 norsk tid) - Ragnar G. Holme, +109A @ragnarholme01
💪🌟 Å løfte saman gjer oss sterkare!
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er ein uvurderleg samarbeidspartner for VM i vektløfting 2025 💥 Takk for at de står saman med oss i arbeidet med å nå ut til ungdom om kor viktig styrketrening er for god helse og eit langt liv! 🙌🧡
Vårt skuleprosjekt har blitt tatt imot med opne armar, og vi gleder oss til å fortsette å inspirere – saman – fram mot verdsmeisterskapen i Førde i oktober! 🌍🏋️♂️
Saman løfter vi framtida! 🚀 @sparebank1sognogfjordane
📸 @solfure
#styrke #samanermeir #sparebank1sognogfjordane #vmivektløfting2025 #førde2025 #løftesaman #styrketrening #helse #ungdom #forebygging #aktivlivsstil #vektløfting #noreg #sognogfjordane #styrkehelse #treningsglede #framtidaervår #sterksamans #byggeungdom #skuleprosjekt #livsmestring #friskliv #mestring #sterkarekvardag #løftframtida
🌟 BLI FRIVILLIG UNDER VM I VEKTLØFTING! 🌟
Er du klar for å vere med på noko stort? Verdens sterkaste menn og kvinner samlast i Førde for å konkurrere om å setje rekordar i VM i vektløfting! 🏋️♀️🏋️♂️ Arrangementet går av stabelen frå 2. til 11. oktober, men vi treng allereie hjelp før dette!
Vi søkjer fleire hundre frivillige som kan bidra med alt frå rigging, bæring, kioskarbeid, vakt, transport, matservering til rydding. Dette er ei unik moglegheit til å oppleve eit spennande meisterskap på nært hald, samtidig som du får verdifull erfaring. ✨
🌍 Vi oppfordrar særleg ungdomar til å melde seg! Attesten du får frå oss kan vere gull verdt når du skal søkje jobb seinare.
Som frivillig kan du velje kva idrettslag du vil støtte. Dugnadspengene blir fordelte til klubbkassene basert på kor mange som jobbar for Tambar og Førde. I tillegg blir det fordelt utstyr til klubbar som deltar i dugnaden.
Bli med på laget og vær ein del av dette fantastiske arrangementet! Meld deg som frivillig på www.forde2025.no. Vi gler oss til å sjå deg! 🙌
📸 @solfure
#VMiVektløfting #Frivillig #Førde2025 #BliMed #Styrke #Sport #Fellesskap #Ungdom #Moglegheiter #Rekordar #Konkurranse #Teamwork #Event #Hjelp #Kioskarbeid #Transport #Matservering #Rydding #Vakt #Støtte #Vektløfting
🌟 Hei til alle frivillige som har meldt seg til VM i vektløfting i Førde i oktober 2025! 🌟
Vi har gleden av å invitere deg til GRATIS FRUKOST på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa! 🥐☕️
🗓 Måndag 14. april frå klokka 08.00
Denne frukosten er ein spesiell markering for det fantastiske arbeidet frivillige gjer, både under arrangement og i vårt lokalsamfunn. 💪❤️
Kjenner du nokon som er interessert i VM og kanskje vil bli frivillig? Ta dei med på frukost for å få meir informasjon! 🥳
Husk å melde deg på, så vi kan få oversikt over kor mange som kjem. Ver rask, plassen er avgrensa! ⏳
Påmelding via nettside : https://www.forde2025.no/gratis-frivillig-frukost/ (Lenke i bio)
#Frivillig #VM2025 #Førde #ScandicSunnfjord #Frukost #Lokalsamfunn
🌟 Vi vil rette ein stor takk til vår samarbeidspartner, Sogn og Fjordane Energi (SFE), for deira uvurderlege støtte til både VM i vektløfting 2025 og vårt skuleprosjekt retta mot 10. klasse-elevar. @sognogfjordaneenergi
⚡ SFE nyttar rein, fornybar energi for å skape kraft, noko som speglar deira forplikting til ei berekraftig framtid. 💚 På same måte handlar VM i vektløfting om ‘Ekte Kraft’ – styrke, uthald og dedikasjon. 🏋️♂️ Denne parallellen mellom fornybar energi og fysisk styrke understrekar verdien av vårt samarbeide.
🎓 Vårt skuleprosjekt har som mål å informere og inspirere ungdom i 10. klasse om trening, søvn, antidoping og gode vanar. Med SFE på laget kan vi nå ut til fleire og fremje sunne livsstilsval blant ungom.🌱
Tusen takk, SFE, for at de er med oss på denne reisa mot VM i vektløfting 2025 🙌
#EkteKraft #SFE #VMiVektløfting2025 #ReinEnergi #Berekraft #Trening #Søvn #Antidoping #GodeVanar #Ungdomshelse #FornybarEnergi #Styrke #Uthald #Dedikasjon #Samarbeid #Skuleprosjekt #10klasse #Inspirasjon #Informasjon #SunnLivsstil #Energi #Miljø #Helse #Framtid #Vektløfting #SognOgFjordaeEnergi