Bli med på festen
Frivillig
Vi skal lage tidenes beste VM i vektløfting og setje Sunnfjord og vestlandet på kartet. Då treng vi akkurat deg og alle andre eldsjeler og frivillige som har lyst å bidra. Bli med du og!
Bli med på festen
Vi skal lage tidenes beste VM i vektløfting og setje Sunnfjord og vestlandet på kartet. Då treng vi akkurat deg og alle andre eldsjeler og frivillige som har lyst å bidra. Bli med du og!
Vi treng 600 frivillige for å arrangere VM i 2025. Dei fleste frivillige vil komme frå arrangørklubbane Førde, Tambarskjelvar og Bjørgvin, men vi treng mange fleire. Vi vil trenge frivillige både før, under og etter meisterskapen, både deg som kan jobbe ei vakt, mange vakter, på dagtid og kveldstid.
Har du lyst å bidra, registrer deg i vår database gjennom arrangementsystemet RUBIC (Brukarveiledning for Rubic kan du lese her)
I ti heile dagar skal Førde, Sunnfjord og Vestland vere i vektløftarverda sitt fokus, då treng vi mange som vil bidra til å lage dette til ei oppleving. Forventa lokal verdiskaping er berekna til minimum 60 millionar kroner.
I tillegg til økonomisk overskot, vil alle lag og organisasjonar som deltek på dugnaden få betalt gjennom ein kombinasjon av dugnadskompensasjon og fordeling av utstyr til 15 millionar kroner i etterkant av VM.
Registrer deg som frivillig. Last ned Rubic App når du har registrert deg og logg inn med samme brukarnamn og passord.
I App får du meldingar frå arrangør, oversikt over dine vakter og anna informasjon.
Hald deg oppdatert