12. oktober er det klart for «Krafta i oss»

KRAFTA i OSS, verdiskaping gjennom arrangement    

Arrangement og arrangementsturisme bidreg årleg til store verdiar og verdiskaping i Norge. I Vestland og Sogn og Fjordane er det mange små og store arrangement, korleis kan vi dele kunnskap, motivere og inspirere til å utvikle eksisterande og skape nye arrangement, og på denne måten ta vår del av denne verdiskapinga? Arrangement er i tillegg viktig for å skape levande lokalsamfunn, bu-lyst og trivsel. Det er god og viktig marknadsføring både lokalt, regionalt og nasjonalt.  

Laurdag 12. oktober inviterer VM i vektløfting til arrangementskonferanse på Scandic Sunnfjord Hotell og Spa i Førde. Konferansen skal vere ein møteplass for eksisterande arrangørar, deg som har ein arrangørdraum i magen, kommuneadministrasjonar, politikarar, reiseliv, næringsliv og andre interesserte. Alle som ønskjer å bidra til å heie på, etablere og utvikle arrangement er velkomen til å høyre spennande foredrag og samtaler. Her kan du bli inspirert og ikkje minst treffe erfarne arrangørar, knyte kontakt og få gode tips på vegen!  

Konferansen er gratis og har avgrensa tal plasser. 

Etter konferansen blir prøve-VM i vektløfting avvikla på same stad og ein markerer at det er eit år igjen til verdsmeisterskapen går av stabelen i oktober 2025. Under prøve-VM kan vi mellom anna oppleve olympisk gullvinnar Solfrid Koanda saman med fleire av verdas sterkaste vektløftarar.  

Les meir og bli med på konferansen her: https://www.forde2025.no/krafta-i-oss/